10. juni 2016 - Meteorologisk Institutt 150 år

Vi feirar Meteorologisk institutt sine første 150 år, og ser attende på virket og opphavet til instituttet.

1850-talet hadde sett ein auke i talet på forlis på havet, både i krig og i næring. Etter at Krimkrigen var over i 1856 kom aukte krav om å få i stand ei varsling av vêret. Her heime vart Meteorologisk institutt stifta
1. desember 1866.

NK 1940
Torevêr


Frå starten på varslingane i 1860-åra og fram til i dag har norske forskarar og meteorologar utvikla vitskapen om vêr og vêrvarsling til ei teneste med høg presisjon. Faste vêrmeldingar på radio aukte merksemda vår rundt vêret og vêrtilhøva i vårt langstrakte land. I dag finn ein varslingane på yr.no, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK.

NK 1941
Bølgje og tre

Fysikaren Vilhelm Frimann Koren Bjerknes (1862-1951), forskingsarbeidet hans og fagmiljøet han bygde rundt seg er på mange vis grunnlaget for all moderne vêrvarsling. 150-årsjubilanten har i dag hovudkontor i Oslo og vêrvarslingssentralar i Bergen og Tromsø.

I tillegg er det vêrtenestekontor knytte til fire militære stasjonar og i Longyearbyen. I alt arbeider det 450 personar ved Meteorologisk institutt. Framleis er forsking ei viktig side av arbeidet og instituttet er nært knytt opp mot internasjonale nettverk for
meteorologi.

Fakta

NK 1940-1941
Utgjevingsdag: 10. juni 2016
Verdiar og motiv: Kr 17,00: Torevêr Kr 33,00: Bølgje og tre
Foto: @ Bruno Oldani
Design: Bruno Oldani
Trykkmetode: Offset Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print