11. november 2016 - Personjubileum

I år er det 200 år sidan «den norske parlamentarismens far», Johan Sverdrup, vart fødd. Hundre år seinare kom forfattaren og diktaren Tor Jonsson til verda.

Tor Jonsson var forfattar og journalist, kjend for sin sterke opposisjon til kulturelle og sosiale tilhøve i bondesamfunnet og sine dikt om lengt etter både kjærleik og død. Han vart fødd 14. mai 1916 og døydde 14. januar 1951, berre 34 år gamal.
Han vaks opp i tronge kår i Lom i Gudbrandsdalen, og budde mest heile livet åleine med mor og syster i ei lita stove på husmannsplassen Kroken, som låg under prestegarden i bygda.

NK 1946
Forfattaren Tor Jonsson og utdrag frå diktet "Heimkjenning"

På 1940-talet gav Tor Jonsson ut fleire diktsamlingar. Han var mest kjend som lyrikar, men han var både journalist og ein prisvinnande dramatikar. Då han brått og uventa gjekk bort, mista vi ein av dei mest særmerkte og talentfulle poetane i landet. Fleire samlingar med dikta til Tor Jonsson kom ut etter at han døydde, og dei vare, såre dikta er i dag kjære minne om ein stor diktar og lyrikar. Johan Sverdrup var jurist, politikar, stortingsrepresentant og statsminister. Han vart fødd 30.juli 1816 og døydde 17. februar 1892.

NK 1947
Politikaren Johan Sverdrup, med Stortingssalen i bakgrunnen

Sverdrup starta sin politiske karriere i 1850, då han blei vald inn på Stortinget som representant for Larvik og Sandefjord. Som stortingsrepresentant i over 30 år kom han til å leie arbeidet med store politiske reformer fram mot 1884.

Den store saka var kampen for innføringa av parlamentarismen, kampen for at Stortinget skulle velje regjering og at Kongen skulle få mindre makt. Stiftinga av dei politiske partia var ei kampsak for Sverdrup, som blei den første formannen i det nystifta Venstre.

Andre sider av demokratiseringsprosessen som engasjerte Sverdrup, var kampen for ålmenn røysterett for både kvinner og menn. Sverdrup var norsk statsminister i fem år frå 1884.

Fakta

NK 1946-1947
Utgjevingsdag: 11. november 2016
Verdiar og motiv:
Kr 20,00: Tor Jonsson, med verseliner
frå diktet «Heimkjenning» i bakgrunnen
Kr 30,00: Johan Sverdrup, med
Stortingssalen i bakgrunnen
Design og gravyre: Sverre Morken
Trykkmetode: Ståltrykk/offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print