9. mai 2016 - Think Green (Europafrimerker)

Europa-frimerka i år markerer støtte til å få både heimar og verksemder, små og store til å tenkje på miljøet i våre daglege liv.

Frimerka kan innlemmast i den «private» delen av kampanjen, som er retta mot deg og meg. Den har tre klare mål; minke, bruke om att og resirkulere.

NK 1936
Think Green, Norges bidrag til felleseuropeisk designkonkurranse i regi av Posteurop

Mindre forbruk gjev mindre søppel og vi treng betre daglege vanar for å minske ureininga og energibruken. Fleire og fleire har med seg pose til varene når dei handlar på butikken. Har du hugsa å slå av lyset på badet? Lista over vaner som kan endrast til det betre, er lang.

NK 1937
Think Green, Kypros' vinnerbidrag i felleseuropeisk designkonkurranse i regi av Posteurop.

På klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 vedtok ein at temperaturen i dette hundreåret ikkje skal stige med meir enn 2 grader, helst ikkje med meir enn 1,5 grad. No har alle land i verda sagt ja til å redusere klimagassutsleppa, med rapporteringsplikt kvart femte år etter 2018.

Vi som har levd ei stund har sett dette skiftet kome i kvardagen til folk. Vi sorterer søpla heime, syklar på jobb og tenkjer grønt på ein heilt annan måte enn før. Europa-frimerka i år er å sjå på som ei påminning om kor viktig dette prosjektet er.

Fakta

NK 1936-1937
Utgjevingsdag: 9. mai 2016
Verdiar og motiv: Kr 14,00: Think Green Kr 18,00: Think Green
Design: Kr 14,00: Enzo Finger Kr 18,00: Doxia Sergidou, Kypros (arr.: Enzo Finger)
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print