7. oktober 2017 - Norske bilar

Norsk bilproduksjon ble aldri omfattende, men forsøkene har vært mange.

Hans Clarin Hovind Mustad frå Gjøvik bygde bilen som er avbilda på frimerket, «Giganten» (1917), i berre eitt einaste eksemplar. Namnet var dekkande: Bilen hadde seks hjul med bremsar og trekkraft på alle fire hjula bak. Det fremste paret av bakhjula var svingbart, mest som på bussar i dag. Etter ombygging i 1927 hadde bilen plass til tolv personar og kunne få ein toppfart på 110 kilometer i timen.

NK1966
Mustad "Giganten", 1917

Til bruk på vinterstid
Også Bjeringen (1921) vart til på Gjøvik. Hans Christian Bjering tenkte mest på bruken vinterstid då han teikna bilen. Han var berre ein meter brei, med plass til sjåføren bak og ein passasjer framme. Framhjula kunne bytast ut med meiar, og ideen var at bilen skulle brukast på smale og dårleg brøyta vintervegar. Vegstellet vinterstid vart med tida betre og behovet for ein bil som Bjering mindre. Difor vart det aldri serieproduksjon slik dei hadde drøymt om.

NK1967
Bjering, 1921

Bilen ein skulle kunne kjøpe fritt
Troll-bilen (1956) frå Lunde i Telemark kom til midt under oppbygginga av landet etter krigen. I Noreg var tilgangen på nye bilar så liten at ein måtte søke om kjøpeløyve for ny bil. Ingeniør Per Kohl-Larsen kom heim etter fleire år i Afrika og fekk ideen om å lage norske bilar som ein kunne kjøpe fritt. Vanskane tårna seg opp både teknisk og økonomisk, og då Trollfabrikken gjekk konkurs i 1958, hadde det berre vorte produsert fem bilar.

NK1968
Troll, 1956

Noreg som elbil-land
Historia om Think (1998) byrja allereie i 1972. Då tenkte oppfinnaren Lars Ringdal fram eit bybilkonsept og fekk laga to prototypar. Tanken førte ikkje fram då, men på 1980-talet vart planane henta fram att og nye prototypar vart laga. 16 eksemplar av Think køyrde rundt i Lillehammer sentrum under OL i 1994, og ytterlegare 120 bilar vart i 1995–96 laga for testing. Gjennombrotet kom i 1999, då Ford kjøpte 51 prosent av aksjane.
Over 1 000 bilar rulla ut frå fabrikken i Aurskog, eit eventyr som varte til våren 2002, då produksjonen vart stansa og Ford trekte seg ut. Den nye Think City kom i produksjon i 2006, men etter at det var bygd 460 eksemplar av denne, var det definitivt slutt. Noreg og bilar er kanskje ikkje den mest opplagde assosiasjonen, men i alt 13 ulike norske produsentar har «prøvd seg» på den norske bildraumen frå 1906 og fram til i dag.

NK1969
Think City A266, 1998

Fakta

NK 1966-1969
Dato: 7. oktober 2017
Verdiar og motiv: A innland: Mustad «Giganten» (1917) A innland: Bjering (1921) A innland: Troll (1956) A innland: THINK City «A266» (1998)
Design: Enzo Finger
Foto: © Ole A. Flatmark, Norsk Vegmuseum (Mustad, Bjering, Troll) Foto: © Jan Otto Ringdal (Think)
Trykkmetode: Offset Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print