16. februar 2018 - Bouvetøya

Ho blir rekna som den mest isolerte øya i verda, den norske vulkanøya Bouvetøya i Sørishavet.

Den 50 kvadratkilometer store øya er nemleg så å seie dekt av is. Ho vart oppdaga i 1739 av den franske oppdagingsreisande J.B.C. Bouvet de Lozier. Den første Norvegia-ekspedisjonen under leiing av kaptein H. Horntvedt gjorde landgang på øya 1. desember 1927 og annekterte ho for Noreg. Ved kongeleg resolusjon av 23. januar 1928 blei Bouvetøya trekt inn under norsk suverenitet, og i 1930 fekk øya status som biland.

NK1977

Bouvetøya utgjer toppen av ein basaltvulkan som stikk opp av Sør-Atlanteren, i ein del av havområdet som ofte blir omtalt som Sørishavet. Øya måler om lag 9,5 kilometer frå aust til vest og cirka sju kilometer frå sør til nord. Det siste vulkanutbrotet på Bouvetøya skjedde for lenge sidan, men også i nyare tid har det blitt registrert utslepp av vulkanske gassar.

NK1978

Titusenvis av pingvinar hekkar på Bouvetøya om sommaren. Dei dominerande artane er gulltoppingvin og ringpingvin. Det finst òg nokre adeliepingvinar, som er ein meir sørleg art. Av andre fugleartar hekkar sørleg havhest i titusental, og kappdue er svært vanleg. I tillegg finst det blant anna petrellar og havsvaler. Bouvetøya har òg ein stamme på rundt tusen kerguelenpelssel og nokre hundre sørlege sjøelefantar. Øya vart naturreservat i 1971.

Bouvetøya inngår i eit internasjonalt miljøovervakingsnettverk, og Norsk Polarinstitutt reiser jamleg på ekspedisjonar dit.

Fakta

NK 1977-1978
Utgjevingsdag: 16. februar 2018
Verdiar og motiv: 
Kr 24,00: Antarktisk pelssel (Arctocephalus gazella)
Kr 38,00: Ringpingvin (Pygoscelis antarcticus)
Design: Magnus Rakeng
Foto:  © Norsk Polarinstitutt
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print