20. april 2018 Åbor (Norden-frimerker)

Åbor er ein av dei vanlegaste fiskeartane våre. Mange knyter åboren til fiskeopplevingar då dei var barn.

Åbor er først og fremst ein låglandsfisk, men utbreiinga har fått god hjelp frå flittige hender opp gjennom åra. Stille vatn, sakteflytande elver og brakkvatn er tilhaldsstadar for åborane.

Den unge åboren er stimfisk, men eldre og helst større fiskar kan leve i mindre grupper eller på eiga hand. Det er hoa som blir størst. Hannen blir sjeldan tyngre enn 300 gram. Åboren har ikkje tenner, berre ein skarp gom: Han syg byttet inn gjennom munnen og kan svelgje store byttefisk i høve til eigen storleik.

NK1982



300 000 egg
Åboren gyter rogna si om våren, gjerne i mai, og festar ho på grunt vatn mellom vassplantar og kvistar. Større hoer gyter mellom 80 000 og 300 000 egg. I overfolka vatn blir åborane berre 13 til 14 cm lange «tusenbrør» – med ei vekt på rundt 25 gram. Ved gunstige høve kan fisken komme opp i to kilo, og i sjeldne tilfelle kan han bli over 50 cm og vege meir enn fire kilo.
Det første året lever åboren av dyreplankton, men allereie i den første levehausten begynner dei å ete diverse dyr som lever på botn, til dømes vassinsekt og larvar. Større åborar er rovfiskar og blir gjerne kalla seigliva.

Vanleg på Sør- og Austlandet
Ut frå utsjånaden er det nesten umogleg å forbyte åboren med nokon annan art i faunaen vår. Han er lett å kjenne på dei to ryggfinnane, der heile den fremste finnen har piggstrålar. Fargane går oftast i brunt, grønt og svart, og fisken har til vanleg fem til sju mørke tverrband frå ryggen og ned mot buken. Brystfinnane er ofte gulaktige og bukfinnane raudlege. Den grøne eller brune fargen på åboren varierer elles mykje etter kvar han lever.

Åboren er ein vanleg fisk i fersk- og brakkvatn i Europa og Sibir. I Noreg er han vanleg på Sør- og Austlandet, finst meir stadvis i Trøndelag, Nordland og Troms, men blir alminneleg igjen i Finnmark.

Genetiske studiar syner at åborane i Noreg truleg har vandra inn frå to ulike refugium der dei overlevde den siste istida. Målretta fiske etter storåbor er ein trend som har breidd om seg dei siste 20 åra. Dette har gjort «tryta» til ein ettertrakta fisk for både store og små.

Fakta

NK 1982
Utgivelsesdato: 20. april 2018
Verdi og motiv: 18,00: Åbor (Perca fluviatilis)
Kunstnar: Martin Mörck
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print