20. april 2018 Norges Musikkorps Forbund 100 år

Norges Musikkorps Forbund kan feire 100 år – vel vitande om at musikk og kultur er godt for helsa. Noreg er faktisk det landet i verda som har flest aktive korpsmusikarar i høve til folketalet.

«Alle born bør ha dyr og lære seg å spele eit instrument – eit dyr for å lære å ta ansvar, og eit instrument for å halde seg sjølv med selskap», sa ei klok dame ein gong. Dette er truleg i tråd med oppfatningane til medlemane i Norges Musikkorps Forbund. Undersøkingar og forsking syner nemleg at musikk og kultur har helsefremjande verknad på folk. I korpsa samlar folk seg på tvers av kjønn og alder, ein veks med oppgåvene, arvar ansvar, blir tillitsvald og lærer organisering.

1983
NK 1983

Jenter fekk kome med i 1956
Musikkorps i moderne form blei til på 1850-talet i Preussen, då militærmusikken blei styrkt med tuba og saksofonar. I Storbritannia blei det starta brassband ved mange fabrikkar, som eit sosialt tiltak for å sysselsetje arbeidar- ane i ikkje-politisk aktivitet på fritida.
Norske musikkorps spelar ei sentral rolle i feiringa av grunnlovsdagen 17. mai. I Noreg blei det danna amatørkorps for menn allereie på 1870-talet, medan detførste gutekorpset kom i 1901.
Enno skulle det gå meir enn 50 år før jentene sleppte til, det var først i 1956 at norske jenter formelt fekk lov til å vere med i skulekorpsa.

1984
NK 1984


Særlege oppgåver
Korps kjem av det latinske ordet corpus, som tyder «kropp, lekam» (opphavleg «heilskap»). Eit korps skildrar anten ei militæravdeling med særlege oppgåver, som jegerkorps, observasjonskorps og sanitetskorps, eller ei gruppe personar med felles arbeidsoppgåver, som brannkorps, offiserskorps og musikkorps. Musikkorps er større musikkgrupper eller orkester som til vanleg er sette saman av blåsarar og slagverk. Ein skil mellom brassband, som består av messingblåsarar, og janitsjarkorps, som i tillegg har treblåsarar.

Janitsjarmusikk var opphavleg tyrkisk militær-musikk, som blei etterlikna i Vest-Europa frå siste halvdel av 1700-talet ved at ein innførte slaginstrument som bekken, triangel og halvmåne i militære orkester. Instrumenta vann òg innpass i opera- og symfoniorkestera. Instrumenta i eit janitsjarkorps er: fløyte/pikkolofløyte, klarinettar, saksofonar, trompet/kornett, valthorn, trombone, eufonium, tuba og slagverk. I større og meir avanserte korps er det vanleg med obo og fagott, i sjeldnare høve harpe og kontrabass. Janitsjarkorpsa varierer mykje i storleik, og ensemble frå om lag 20 musikarar opp mot 100 kan alle med rette kalle seg korps.

Fakta

NK 1983-1984
Utgjevingsdato: 20. april 2018
Verdiar og motiv:
Innland: Spjelkavik skolekorps, Ålesund
Innland: Kampen janitsjarorkester, Oslo
Design: Kristin Granli
Foto: © Fridgeir Walderhaug, © Morten Holm/NTB scanpix
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print