6. oktober 2018 - Postnummer 50 år

Fire viktige siffer

I 1968 tok vi i bruk postnummer i Noreg. Målet var at det skulle bli lettare å sortere posten manuelt.

Tidlegare måtte ein ha svært gode geografikunnskapar for å kunne gjere denne jobben. Ein annan fordel med postnummera var at det blei mogleg å bruke maskinell sortering med OCR (optisk attkjenning av teikn). Allereie på slutten av 70-talet kom det brevsorteringsmaskiner med slik teknologi. Maskinene kunne sortere posten automatisk etter postnummer, men framleis måtte dei sortere mykje manuelt.

NK 1993

Maskinell ruteklargjering etter kvart som det kom kraftigare datamaskiner, auka òg den mengda post som kunne lesast med OCR. Etter kvart kunne systemet lese gateadresser òg. Alle fysiske leveringsstader fekk ein kode som var sett saman av fire tal og tre bokstavar. Dette gjorde det mogleg å ta i bruk maskinell ruteklargjering i 2007. I denne prosessen blir breva automatisk lagde i den rekkefølgja som bodet går ruta. I dag blir mottakarnamnet brukt i tillegg for å auke OCRraten, men postkoden er framleis særs viktig, ikkje minst fordi fleire stader har lik gateadresse.

Ei ny utfordring i seinare tid er dei såkalla kina pakkane, det vil seie sendingar frå Asia med rimelege varer kjøpte på internett. Adresseformatering kombinert med kinesiske teikn og kanskje eit telefonnummer fører til etter måten låg leserate. Med fin, maskinskriven tekst har maskinene derimot ein leserate på nesten 100 prosent. Er det handskrift som er brukt, går leseraten naturleg nok ned.


Postnummera i Noreg er firesifra talkodar som representerer den geografiske plasseringa til ein by, bydel eller tettstad i Noreg. Siffera har fallande grad av generalitet, som vil seie at det første sifferet representerer hovudområdet, og så vidare nedetter. Postbokskundar har vanlegvis eige postnummer. På post som blir sendt til Noreg frå utlandet, blir det sett «NO-» framfor dei fire siffera, fordi det er mange land som har firesifra postnummer.

Systemet med postnummer blei teke i bruk i Noreg 18. mars 1968. Unnataket var Oslo, der dei berre brukte sonenummer (Oslo 1, Oslo 2 osv.) fram til 1. april 1984. Då fekk hovudstaden òg firesifra postnummer. Systemet har blitt revidert mange gonger etter at det blei teke i bruk, men grunnstrukturen er ikkje vesentleg endra.

Fakta

NK 1993
6. oktober 2018
Verdi og motiv: 24,00: Symbolsk framstilling av postsortering
Design: Jørn O. Jøntvedt
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print