15. februar 2019 - 50 år som oljenasjon

At petroleumsverksemda skulle bli Noregs aller største næring,  var det ingen som kunne spå på 50-talet.

Det nederlandske funnet av gass i Groningen  i 1959 gjorde at folk fekk auga opp for at  det kunne finnast hydrokarbon i Nordsjøen. Funnet førte til entusiasme i ein del av verda der energibruken i stor grad baserte seg på kol og importert olje. Den geologiske ekspertisen i Noreg hadde lita tru på at det skulle finnast olje og gass, men det kunne ikkje stagge entusiasmen etter gassfunnet i Nederland.

NK 2001
Ved å skanne QR-koden på frimerket med ein smarttelefon eller eit nettbrett, vert du leia til Statistisk Sentralbyrå sine nettsider som viser interessant statistikk over korleis Noreg har utvikla seg i dei 50 åra vi har vore ein oljenasjon.

I oktober 1962 bad Phillips Petroleum styres- maktene i Noreg om eineretten til å leite  etter olje og gass i dei delane av Nordsjøen som kom til å ligge under norsk råderett, men det var uaktuelt å overlate heile sokkelen til eitt selskap.

Det første oljefunnet som blei gjort på norsk sokkel, var Balderfeltet i 1967. På den tida var ikkje funnet lønsamt nok, og det skulle gå 30 år før funnet blei bygd ut. Ikkje før sommaren 1969 kunne Phillips Petroleum informere om oljefunn på den norske sokkelen. Oljefeltet blei kalla «Ekofisk» og var på den tida det største oljefeltet som nokon gong var funne til havs.

I 1971 starta Noreg oljeproduksjon, og det var nettopp med Ekofiskfeltet at det norske oljeeventyret starta for alvor. I åra etter blei det gjort funn i verdsklasse. Produksjonen på den norske kontinentalsokkelen har vore dominert av store felt som Ekofisk, Statfjord, Oseberg, Gullfaks og Troll.

Les Posten si pressemelding

Fakta

NK 2001
Verdi: Innland kr 16 (utgjeve i ark)
Motiv: Oljeplattformer og QR-kode
Kunstnar: Enzo Finger
Trykkmetode: Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland