23. august 2019 – Sykkelhistorie

Sykkelentusiasme

Jan Petter Brennsund har vore lidenskapeleg oppteken av syklar så lenge han kan hugse. Han jobba i sykkelbutikk ein periode og blei etter kvart ekspert på å setje i stand syklar og ikkje minst på historia deira. Då han kom over sykkelverkstaden «Den Rustne Eike»
i Oslo og blei kjend med eigaren Einar Bowitz, starta eit nytt kapittel.

2011
NK 2011

– Det var nok mange som kjende til den vesle verkstaden som Einar Bowitz hadde i Oscars gate. I 25 år var staden ein institusjon, takka vere Bowitz’ eineståande entusiasme for klassisk sykkelkultur
og veteransyklar. Då verkstaden blei lagd ned i 2007, flytta han til eit privat lager i bakgarden til Sofies gate, der han på eiga hand heldt fram med sal av delar og overhala bruktsyklar.
Det er denne verksemda eg no har teke over, fortel Brennsund.

2012
NK 2012

– Interessa for gamle syklar er på linje med den nyoppståtte interessa for vinylplater. Det vrimlar av retrosyklar på Grünerløkka, for å seie det slik. På «Den Rustne» Eike går det aller mest av dekk og slangar, men i tillegg reparerer Brennsund mange dårlege bremser og gir.
Sete og pedalar er også populært. Av og til sel han syklar også. – Eg selde nyleg ein damesykkel til filmen «Ut og stjæle hester», fortel Brennsund.

2013
NK 2013

– Den eldste sykkelen her inne må vere frå 1895, held han fram, då den norske sykkelproduksjonen såg dagens lys. Det er til no registrert 1300 norske sykkelmerke, men ein reknar med at det finst om lag 2000.

2014
NK 2014

Noreg produserte sine eigne syklar i over hundre år, heilt fram til år 2000, då eigarane la ned DBS-fabrikken i Sandnes og selde det meste av utstyret til Brasil.

Les om lansering av frimerkene her

Fakta

NK 2011-2014
Verdiar og motiv:
Innland: Diamant landevegsracer, Gresvig (1933)
Innland: Ideal varesykkel,
Hans Eriksen (1936)
Innland: DBS Kombi Butterfly,
Jonas Øglænd (1972)
Innland: DBS Apache,
Jonas Øglænd (1975)
Design: ANTI / Sunniva Djupedal,
Kari Tinnen (mikroskrift)
Foto: ANTI / Andris Søndrol Visdal
Trykkmetode: Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland