8. november 2019 - Dronning Maud 150 år

Statusen til dronning Maud som britisk prinsesse var utan tvil ein medverkande faktor då Stortinget tilbaud Prins Carl den norske trona i 1905.

I juni 1905 oppløyste Stortinget i Noreg unionen med Sverige. Seinare abdiserte kong Oscar II, og prins Carl blei tilbydd den norske trona.

Etter ei folkeavstemming takka han ja – og den britiske prinsessa blei Noregs første dronning etter oppløysinga av unionen med Sverige. Kongen tok namnet Haakon VII, mens sonen Alexander blei kronprins Olav.

Dronning Maud tok fatt på pliktene sine med stor iver. Som dronning fekk ho sjølvsagt mange representasjonsoppgåver, og ved desse høva var ho ofte svært velkledd.

2017

Det har i seinare år blitt arrangert fleire utstillingar som viste fram den personlege og elegante klesstilen til dronninga.

Dronninga kunne verke sky i offentlege samanhengar, men privat var ho ein munter og varm person. Og sjølv om dronninga ikkje var den mest synlege i offentlegheita, tok ho på seg ei rekkje sosiale og kulturelle oppgåver. Ho oppretta mellom anna Dronning Mauds hjelpefond i 1914, som skulle vere til hjelp for dei som blei vanskelegstilte som følgje av verdskrigen.

Dronning Maud var dotter av dei seinare Kong Edvard VII og Dronning Alexandra av Storbritannia. Ho beheldt den sterke tilknytinga til Storbritannia livet ut og oppheldt seg i England ein periode kvart år. Dette bandet dronninga og den norske kongefamilien hadde til Storbritannia skulle vise seg å vere til uvurderleg hjelp under den andre verdskrigen.

Fakta

NK 2017
8. november 2019
Verdi og motiv:
Kr 16,00: Dronning Maud (portrett), dronning
Maud og kronprins Olav til hest
Miniatyrark: Måleriet «The Marriage of Princess
Maud of Wales», av Laurits Tuxen (1896), dronning
Maud og kronprins Olav på Bygdøy kongsgård
Design: Enzo Finger
Foto frimerke: Ernest Rude / ukjend fotograf /
De kongelige samlinger
Foto miniatyrark: Anders Beer Wilse /
De kongelige samlinger
Trykkmetode: Ståltrykk/offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland