17. april 2020 Gamle postvegar (Europafrimerke)

Eigentleg var postvegen frå Christiania til Bergen eit mislykka vegprosjekt. Men dei tronge kurvene på høge murar i bratt stigning har gjort Vindhellavegen berømt.

Etter at Postvesenet vart oppretta i Noreg i 1647, vart det etter kvart stilt krav til ein viss vegstandard. Posten brukte på den tida heile ni døger frå Bergen til Christiania:
«Meget vanskelige Veie, Klippe og Dale at passere, hvor det ikke lod sig gjøre at ride, men hvor Postbønderne maate bære Postsekken paa Ryggen», heitte det om vegen på denne strekninga midt på 1700-talet.

Andre reisande skreiv òg skremmelege skildringar av turen gjennom Galdane i Lærdal i Sogn, særleg vinterstid. Vegstykket vart rekna som «den vanskeligste Vej, som kan findes i noget Land», som biskop Pontoppidan sa i 1749.

NK2029

Sidan kom det nye krav til betre vegstandard, og på slutten av 1700-talet starta arbeidet med å oppgradere vegen mellom Christiania og Bergen til køyreveg. Post- og varetransport hadde sjølvsagt auka, men det låg òg militære motiv bak ei slik storsatsing.

Arbeidet vart utført i åra 1790–93, og Kongevegen frå 1793 var den første køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet. Men strekninga ved Vindhella i Lærdal var bygd bratt. Stiginga var på 1:4, og det kunne vere hardt for hest og kar å ta seg ned, særleg vinterstid.

I 1840-åra prøvde vegstyresmaktene å gjere noko med dette. Dei bygde ny hest- og kjerreveg på høge murar gjennom skaret, og dei la inn ein ekstra sving for å prøve å redusere stiginga. Vegen vi kan gå på i dag, stammar frå 1843, men den den gamle Kongevegen frå 1790-åra er framleis synleg mellom slyngane og utanfor traseen.

Dei tronge kurvene på høge murar i bratt stiging og dramatisk natur har gjort Vindhellavegen kjend i vide krinsar, og mange reknar han som Noregs vakraste vegkulturminne. 

Kongevegen vart tildelt Vakre vegers pris i 2014, og i 2017 vart han heidra med EU sin høgsthengjande kulturminnepris, Europa Nostra. Vindhellavegen bidrog til det.

Les om frimerket i Sogn Avis

Fakta

  • Gamle postvegar (Europafrimerke)
  • NK 2029
  • Utgjevingsdato: 17. april 2020
  • Verdi og motiv: 20g Europa: Vindhellavegen i Lærdal i Sogn
  • Kunstnar: Jørn O. Jøntvedt
  • Foto: Sverre Hjørnevik
  • Trykkmetode: Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland