Utgivelse 17. april 2020: Spekkhoggar

Audun Rikardsen er kjend verda over for dei oppsiktsvekkande bileta han tek av dyr og natur. I åtte år har han drive med eit foto- og forskingsprosjekt om kval i nordnorske fjordar. Resultatet er ei unik fotobok.

Boka er ei kombinert fag- og biletbok. Forskinga til Rikardsen tek for seg kvalane som dei siste åra har følgt silda inn i nordnorske fjordar midt på den mørkaste vinteren. 

Naturfotografen, som til dagleg er professor i arktisk og marin biologi ved Norges arktiske universitet i Tromsø, har teke imot ei rekkje prisar og utmerkingar for bileta sine. Han er kjend for å gå etter spesielle vinklar – og i boka tek han sjåaren med inn og ned i kvalen si verd.

Vi er tett på, både over og under vatn, i alt slags vêr – og til alle døgnets tider. Vi får lære om alle «vinterkvalane» og får ny kunnskap frå kvalforskinga til Rikardsen og til kollegaene hans. Fotografen tek òg føre seg silda si rolle, miljøutfordringane kvalen står overfor, og korleis ein sjølv kan oppleve og fotografere kval.

NK2028

Spekkhoggaren sitt språk
Blant dei spektakulære kvalbileta i boka finn vi bilete av ein av dei mest kjende artane i havet, nemleg spekkhoggaren. Han tilhøyrer 
toppsjiktet i næringskjeda i havet – og mange meiner at spekkhoggaren sin intelligens er utan sidestykke i dyreverda. Dette kjem tydeleg fram i måten spekkhoggaren kommuniserer på. Kvar flokk brukar ei eiga «dialekt», og forskarar har klart å skilje ut forskjellige «ord», for eksempel når det er på tide å reise på jakt.

Spekkhoggarar er sosiale flokkdyr som ferdast i stim og lever i polygame forhold. Ein hann parar seg med fleire hoer. Flokken består av ein fullvoksen hann og fleire vaksne hoer samt eit utval ungdyr og ungar av begge kjønn. Dei held gjerne saman i generasjonar. Det er registrert flokkar på opp mot 200 dyr.

Ved British Colombia i Canada har ein observert at grupper av spekkhoggarar går saman om ein felles jaktstrategi. 

Dei fleste spekkhoggarane finst i Antarktis, men ein reknar med at det òg er rundt 3000  i Norskehavet og Barentshavet. Ein liten del av desse tilbringar delar av sommaren i Svalbard-området. 

Les meir på nrk.no

Fakta

  • Spekkhoggar
  • NK 2028
  • Utgjevingsdato: 17. april 2020
  • Verdi og motiv: 20g Europa: Spekkhoggar under fiskebåt
  • Design: Camilla Kvien Jensen
  • Foto: Audun Rikardsen
  • Trykkmetode: Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland