11. juni 2021: Norges Jeger- og Fiskerforbund 150 år

Som den einaste riksdekkande interesseorganisasjonen i landet for både jegerar og sportsfiskarar blir NJFF spurt om råd i alle større saker som spelar inn for norske jakt- og fiskeinteresserte.

Det dreier seg mellom anna om endringar i lover og forskrifter, jakttider, jakthundbruk, spørsmål om våpen og ammunisjon, regulering av bruken av fiskereiskapar, etablering av verneområde og inngrep i naturen.

2053
NK 2053

Fire av fem nordmenn er grunnleggjande positive til jakt, og heile ni av ti har tillit til at jakta skjer på ein human og forsvarleg måte. Leiaren av forbundet, Knut Arne Gjems, har sagt seg svært nøgd med denne utviklinga. – At vi møter forståing for jakt i befolkninga, er viktig for framtida til jakta. Jakt er ein del av kulturarven vår og eitt av dei viktigaste verktøya vi har i naturforvaltinga, har han uttalt.

At tilliten til jegarane er aukande, er òg gledelege nyheiter for eit forbund som kvar dag jobbar med skulering av nye og erfarne jegarar. Det aller viktigaste i dette arbeidet er å etablere ein grunnleggjande respekt for naturen og dyra det blir jakta på.

2054
NK 2054

Mens jakta tradisjonelt sett har vore mannsdominert, er dette no i rask endring, og kvar tredje jegerprøvekandidat er i dag kvinne.
Jakt er heilt klart ein folkeaktivitet. Så mykje som kvar tiande nordmann står oppført i jegerregisteret, og rundt eit par hundre tusen av oss løyser jegeravgift kvart år for å reise på jakt.

Felt vilt er òg ein viktig ressurs i form av sunn, kortreist mat. Jakt gir oss faktisk over 22 millionar middagsporsjonar kvart år!

Se video av lanseringen

Les Postens pressemelding

 

Fakta

  • NK 2053-2054
  • Utgivelsesdato: 11. juni 2021
  • Verdiar og motiv:
  • Innland 50g: Sportsfiskar og laks
  • Innland 50g: Jeger og hjort
  • Design: Kristin Slotterøy
  • Foto: Audun Rikardsen, Kristin Slotterøy, Robson Hatsukami Morgan, Tim Marshall/ unsplash.com (NK 2053), Alaska 1795, Jeremy Gallman/unsplash.com, Delbars, Chris Desborough/Shutterstock (NK 2054)
  • Utgjevne i: Ark à 50 frimerke
  • Opplag: 305 000 av kvart frimerke
  • Trykkmetode: Offset av Joh. Enschedé Security Print