2. oktober 2021 Forskning, innovasjon, teknologi

Norsk teknologi hevdar seg både i den fascinerande mikroverda, frå 6 000 meters havdjup og heile vegen ut i verdrommet til Mars.

HUGIN utforskar havdjupet
Den ubemanna undervassfarkosten HUGIN opererer heilt på eiga hand utan fysisk samband til eit morfartøy. Han kan dykke 6000 meter og gjev oss viktig informasjon om forhold under havflata eller på havbotnen. Denne teknologien har mykje å seie for å sikre ei berekraftig og trygg utnytting av naturressursar og operasjonar i havet. For å møte desse behova har Forsvarets forskingsinstitutt, Sjøforsvaret og Kongsberg Maritime utvikla HUGIN. Han kan sjølv tolke data og tilpasse operasjonsmønsteret sitt for å oppfylle oppdraga best mogleg. HUGIN har blitt ein eksportsuksess dei siste åra.

2057
NK 2057

Norsk georadar til Mars
Georadaren Rimfax er eit av dei sju vitskaplege instrumenta på NASA roveren Perseverance, som landa på Mars i februar 2021. Rimfax skal analysere dei ulike geologiske laga i bakken for å finne ut kvar det er lurast å ta prøver. Med Rimfax får forskarane eit kontinuerleg bilete av geologien langs køyrebana og viktig informasjon om kva område det er interessant å studere nærare. Eit viktig mål er å finne sedimentære lag der det kan ha vore vatn og dermed moglegheiter for liv. Rimfax er i sin heilskap utvikla og produsert av Forsvarets forskingsinstitutt med støtte frå norsk industri.

2058
NK 2058

Banebrytande kuler for medisin og teknologi
John Ugelstad (1921–1997) var professor i kjemi ved NTH (i dag NTNU), og den vitskaplege innsatsen hans gjorde han kjend i vitskaplege kretsar verda over. Han var den første som klarte å lage mikroskopiske kuler med identisk storleik. Desse kulene har vore svært viktige i medisinsk diagnostikk og behandling. Kulene er vanlegvis ca. 0,001–0,1 mm i diameter. Dei kan modifiserast og gjerast superparamagnetiske, dei blir nytta i ulike former for kreftbehandling, og dei er viktige i arbeidet med AIDS, bakteriologi og DNA-teknologi. Allereie i 1983 kunne ein ta kulene i bruk på beinmergskreft. Metoden går ut på at ein tek ut noko av beinmergen til den sjuke pasienten og tilset dei magnetiske kulene, som trekkjer til seg kreftcellene. Deretter blir den friske beinmergen ført tilbake til pasienten.

2059
NK 2059



Ugelstad-kulene har blitt gullstandarden innanfor biomagnetisk separasjon, under namnet Dynabeads, og dei blir produserte på Lillestrøm. Eit forskingslaboratorium som er kalla opp etter Ugelstad, blei oppretta ved NTNU i Trondheim i 2002

Fakta

  • Nummer: NK 2057-58
  • Motiv: Rimfax Georadar, Hugin Undervassroboten, John Ugelstad 
  • Design: Enzo Finger
  • Foto: NASA/JPL-Caltech, Stockphoto (NK 2057), Stockphoto (NK 2058), SINTEF (NK 2059) 
  • Verdiar: kr 23,- (innland 20g) x 2, kr 45,-
  • Utgjeve i: Hefte à 10 frimerke, miniatyrark
  • Opplag: 305 000 av kvart frimerke, 65 000 miniatyrark
  • Trykk: Offset/ståltrykk frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland