23. april 2021 Truga dyreartar (Europafrimerke)

Både humler og lundefuglar blir rekna som truga dyreartar i Noreg og verda.

Mange humleartar har gått sterkt attende i Europa og Nord-Amerika, hovudsakleg grunna omleggingar i landbruket dei siste hundre åra. Tre av dei er vurderte som truga etter Norsk raudliste for artar 2015: slåttehumle, kløverhumle og lundgaukhumle.

2050
NK 2050


Humlene spelar ei nøkkelrolle i økosystema, fordi dei bestøvar frukt og bær og spreier plantane sine pollenkorn og gen i naturen. Dei trivst på nordlegare breiddegradar, og av dei rundt 250 humleartane i verda er heile 35 påvist i Noreg. Av desse er 28 artar sosiale humler. Det vil seie at dei lagar humlebol og fordeler arbeidsoppgåvene, slik at nokon pleier egg og larvar, medan andre er ute og samlar pollen i pollenkorger på bakbeina. Larvane blir fôra ved at dronninga og arbeidarane i bolet gulpar opp ei blanding av pollen og honning.

Dei andre sju artane er gaukhumler. Desse samlar ikkje nektar og pollen og har ikkje pollenkorger. Gaukhumlene tar over bolet til ein sosial humleart ved å drepe eller jage dronninga. Arbeidarane til den drepne dronninga samlar dermed nektar og pollen til gaukhumla sitt avkom.

Mannen bak fotografiet av kløverhumla, Frode Ødegaard, har skrive om bildet som dannar grunnlaget for frimerket. Les historia her

I 1990-åra var det rundt to millionar hekkande lundefuglpar i Noreg, og av desse heldt ein fjerdedel til på Røst. Men i løpet av dei siste to tiåra har næringsmangel ført til at bestanden gradvis har gått ned. Sildestammene i Noreg og på Island har blitt kraftig redusert grunna overfiske. Dette har ført til at dei store mengdene sildeyngel som normalt passerer Røst-området når lundeungane blir klekte, har blitt borte, noko som igjen har ført til ein nedgang i reproduksjonen.

2049
NK 2049


Ved inngangen til 2000-talet var talet på lundefuglar på Røst omkring 450 000 par. Dette er mindre enn ein tredjedel av kva det var før tilbakegangen begynte. Ein del vaksne lundefuglar døyr årleg også grunna oljeforureining og i fiskereiskapar. Med tanke på at lundefuglen berre legg eitt egg under hekkesesongen, er det vanskeleg å bygge bestanden opp igjen etter ein kraftig nedgang.

Les Postens pressemelding

 

Fakta

  • Truga dyreartar (Europafrimerke)
  • 23. april 2021
  • Verdiar og motiv:
    Europa 20g: Lundefugl (fratercula arctica)
    Europa 20g: Kløverhumle (bombus distinguendus)
  • Design: Camilla Kvien Jensen
  • Illustrasjon: Camilla Kvien Jensen (NK 2050 etter foto av Frode Ødegaard, Norsk institutt for naturforskning)
  • Trykkmetode: Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland