22. april 2022 Kongelege jubileum

Det norske kongehuset høyrer til fyrsteslekta Glücksburg. Familieband knyter kongehuset vårt til regjerande fyrstehus i Belgia,Danmark, Luxembourg, Spania, Storbritannia og Sverige, og til dei tidlegare regjerande fyrstehusa i Hellas og Russland.

Kong Haakon VII blei fødd i Danmark 3. august 1872 og døypt Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel. I 1896 gifta han seg med Maud Charlotte Mary Victoria av Sachsen-Coburg-Gotha, prinsesse av Storbritannia og Irland. I 1905 blei prins Carl vald til konge av Noreg. Han tok namnet Haakon VII og gav sonen prins Alexander namnet Olav. I 1940 blei Noreg angripe av tyske styrkar, og etter ei dramatisk flukt heldt kongen fram motstanden frå London til han kunne returnere til eit fritt Noreg i 1945. Etter ein periode med sviktande helse døydde kong Haakon 1. september 1957.

2075
NK 2075 Kong Haakon VII



Då prins Harald blei fødd 21. februar 1937, var han den første norskfødde prinsen på 567 år. Han tok over som konge i Noreg då kong Olav V døydde 17. januar 1991. I dag er pliktene til kongen hovudsakleg representative og seremonielle. Kong Harald V leier statsråd på Slottet kvar fredag og gjennomfører den offisielle opninga av Stortinget kvar haust. Kongen er glad i naturopplevingar, er idrettsinteressert og har sjølv fleire gode plasseringar i segling, både nasjonalt og internasjonalt. Kong Harald er høg beskyttar for den norske idretten.

2073
NK 2073 Kong Harald V



Dronning Sonja blei fødd i Oslo 4. juli 1937 som Sonja Haraldsen. Ho møtte dåverande kronprins Harald første gong i 1959. Dei gifta seg 29. august 1968, og Sonja blei kronprinsesse. Dronninga har eit sterkt samfunnsengasjement og har mellom anna vore visepresident i Norges Røde Kors. Ho har stor interesse for kunst og dei seinare åra også sjølv skapt grafikk og keramikk, og ho har delteke på ei rekkje utstillingar i inn- og utland. I 1988 etablerte ho Dronning Sonjas Internasjonale Musikkonkurranse.

2074
NK 2074 Dronning Sonja



Prinsesse Ingrid Alexandra blei fødd 21. januar 2004 og er den som ifølgje Grunnlova skal bli den framtidige dronninga i Noreg. Ho vil då også bli den aller første norskfødde regjerande dronninga.
Prinsessa lever eit aktivt liv:
Ho er glad i å stå på ski, driv med kick- boksing og er glad i surfing og vass- sport. Når prinsesse Ingrid Alexandra no blir myndig, ventar fleire offisielle oppdrag for det norske kongehuset.

2076
NK 2076 Prinsesse Ingrid Alexandra

Les Postens pressemelding

Les meir om utgivelsen i Dagsavisen

Les intervju med Trond Bredesen i Dagsavisen

Fakta

  • Kongelege jubileum
  • NK 2073-2076
  • 22. april 2022
  • Motiv: Kong Harald V, dronning Sonja, kong Haakon VII, prinsesse Alexandra
  • Illustrasjonar: Trond Bredesen
  • Design: Camilla Kvien Jensen
  • Verdiar: Kr 23 (innland 20 g)x 2, kr 29 (innland 50 g)x 2
  • Type: To rullar à 100 frimerke, ein av kvar verdi
  • Opplag: Innland 20 g: 2 532 500 av kvart frimerke
                  Innland 50 g: 1 032 500 av kvart frimerke
  • Trykkmetode: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland