3. januar 2022 – Roald Amundsen 150 år

Roald Amundsen var ein norsk polarforskar som leidde den første ekspedisjonen som nådde Sydpolen.

Roald Amundsen med truger i snøen

I 1903 starta han ein ekspedisjon med båten Gjøa, og med denne båten tok han seg fram til den magnetiske Nordpolen.

Dermed blei han den første som segla gjennom Nordvestpassasjen med eitt og same skip. Amundsen gjorde også inngåande studiar av levesettet til inuittane i Gjøahavn på King William Island nord for det kanadiske fastlandet. Det skulle vise seg å bli eit av dei viktigaste resultata av ekspedisjonen, ettersom inuittane endå ikkje var blitt påverka av andre kulturar.

2067
NK 2067


I 1910 segla han til Antarktis med polarskipet Fram. Det var med dette skipet han tok fatt på ekspedisjonen mot Sydpolen. Saman med fire andre ekspedisjonsmedlemmer blei han den første som nådde Sydpolen, 14. desember 1911 – fem veker før konkurrenten Robert F. Scott. De vitskaplege resultata blei ikkje så store. Erobringa av Sydpolen var det viktigaste målet.

2068
NK 2068


Sigeren i kappløpet mot Sydpolen gjorde Amundsen så kjend som han trong å bli for å få støtte til den verksemda som låg hjartet hans nærast, nemleg utforskinga av dei ukjende delane av Arktis. Etter erfaringane frå den første delen av Maud-ekspedisjonen forstod Amundsen at dei indre, ukjende områda av Arktis måtte utforskast ved hjelp av luftfartøy.

I 1926 flaug han saman med Lincoln Ellsworth over Nordpolen med det italienskbygde luftskipet Norge, ført av Umberto Nobile. Amundsen omkom i 1928 i nærleiken av Bjørnøya medan han leita med fly etter den forulukka ekspedisjonen til Nobile.

Fakta

  • NK 2067-2068
  • Motiv: Innland 100 g: Roald Amundsen.
    I bakgrunnen Amundsen i isaudet
    og ruta hans mot Sydpolen
    46,00: Roald Amundsen
    og luftskipet Norge.
    I bakgrunnen kartutsnitt over
    Nordpolen og den nordlege halvkula 
  • Design: Magnus Rakeng
  • Foto: Nasjonalmuseet/Commons,
    Frammuseet
  • Verdiar: Kr 36 (innland 100 g), kr 46,00
  • Utgjevne i: Ark à 50 frimerke
    Opplag: Kr 36 (Innland 100 g): 545 000 frimerke | Kr 46: 345 000 frimerke
  • Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland