Ferjer
Då MF Ampere blei bygd i 2014, var ho verdas første store batteridrivne ferje. Ferja tar 120 personbilar og 360 passasjerar og kryssar Sognefjorden på Europaveg 39 på ruta mellom Lavik og Oppedal.
Hybridferja Svelvik tok over sambandet mellom Svelvik og Verket i 2022 etter at MF Svelviksund blei teken ut av teneste etter 43 år. Overfarten over det 184 meter breie sundet i Drammensfjorden tar berre rundt 5 minutt, og ruta er med dette den kortaste ferjestrekninga i Noreg.
MF Værøy er gassdriven og blei bygd i 2012 for reiarlaget Torghatten Nord. Ho trafikkerer ruta Bodø–Røst–Værøy–Moskenes over Vestfjorden og har plass til 390 passasjerar og 120 bilar. Ferja er ei av i alt fire Lofot-ferjer. Ferjestrekninga frå Bodø til Røst, Værøy og Moskenes er ikkje berre den lengste i Noreg, men òg den mest vêrharde.
Kristiansund består av fem store og ei rekkje mindre øyer. I 1876 sette Kristiansund Dampbåtsamlag den første sundbåten i drift. Sundbåten har sidan vore Kristiansund sitt hjarte og frakta over 130 millionar passasjerar over hamna. MS Angvik blei sett i trafikk i 2005 og har plass til 70 passasjerar.
Fakta
- NK 2105-2108
- 7. oktober 2023
- Motiv: MF "Ampere", "Svelvik", MF "Værøy", MS "Angvik"
- Design: Jørn O. Jøntvedt
- Verdier: Kr 29 (innland 50g) x 4
- Utgitt i: Rull à 100 frimerker (25 av hvert motiv)
- Opplag: 205 000 av hvert frimerke
- Trykk: Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland