Flora og fauna under vatn

Trugar livet i havet.

Klimagassutslepp som gjer havet varmare og surare, forureining og plastsøppel, overfiske og øydelegging av havbotnen og andre leveområde – alt dette utgjer eit alvorleg trugsmål mot livet i havet. 
For å snu utviklinga treng vi ei heilskapleg forvaltning av havet, som tar vare på dyra som lever der og som vernar leveområda deira. No gjev medlemslanda i PostEurop ut frimerke med same tema for å støtte dette arbeidet. 

2120.jpg
NK 2120


Steinkobbe er den vanlegaste selarten langs norskekysten. Han er i dag utbreidd på heile den nordlege halvkula. Steinkobben høyrer til familien ekte selar. Steinkobbe og den noko større arten havert blir gjerne kalla kystselar fordi dei held til i kystnære område. Dei ligg på holmar og skjer når dei skal yngle, røyte eller berre ta seg ein kvil.

2121.jpg
NK 2121


Tareskogane blir rekna som spesielt produktive økosystem med stor artsrikdom – og ingen land i Europa har meir tareskog enn Noreg. Tareskogar er viktige fordi dei dannar livsgrunnlag for eit mylder av anna marint liv. På havbotnen under taren og på stilken til taren veks det store mengder mindre algar, spesielt raudalgar. Blant desse mindre algane trivst små krepsdyr og blautdyr spesielt godt. Dei små dyra er attraktiv mat for større dyr, og på den måten strøymer også fisk og sjøfugl til slike område for å skaffe seg mat. Tareskogar er dessuten godt eigna som oppvekstområde for fisk, og den rike tilgangen på både smått og stort gjer at også sjøpattedyr som sel og oter oppsøkjer områda på leiting etter mat. 
Etter hundreårsskiftet er det blitt observert bortfall av sukkertare på område der det tidlegare har vore sukkertareskogar. I Skagerrak er så mykje som 80 prosent av sukkertareskogane forsvunne i periodar. Hovudårsaka til tapet av sukkertare er varme periodar som fører til fysiologisk påkjenning for taren.
 

Fakta

  • NK 2120-2121 
  • 31. mai 2024
  • Motiv: Steinkobbe, tareskog
  • Design: Julie Olsen
  • Foto: Audun Rikardsen, Per Eide / Samfoto / NTB, Lill Haugen / NTB
  • Verdiar: Kr 31 (frimerke Europa 20g) , kr 41 (miniatyrark Europa 20g + kr 10)
  • Utgjevne i i: Ark à 50 frimerker, miniatyrark
  • Opplag: Frimerke (NK 2120): 135 000 stk, miniatyrark (NK 2121): 55 000 stk
  • Trykkmetode: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland