Verdibrev
Verdfullt innhald trygt fram med forsikring

Skal du sende noko verdfullt, kan verdibrev vere rett sendemåte. Du kan berre sende brevet innanlands, og vekta kan vere maksimalt to kilo.
Smilende kvinne på et hentepunkt med en kunde foran seg.

Med verdibrev får du dokumentasjon på at brevet er innlevert, og mottakaren får melding om at sendinga har komme på Posten.

Verdibrevet er forsikra for opptil 40 000 kroner, og mottakaren må derfor legitimere seg og signere før vi leverer ut brevet.

Det er vanleg sendetid for verdibrev, så brevet er framme etter to til tre arbeidsdagar.

Pris for verdibrev

Sidan verdibrev ofte har høg verdi, må det vere forsegla med ein særskilt teip som er godkjend av Posten. Teipen kostar 18,– kroner og kjem i tillegg til porto. Du kan kjøpe han på Posten. Vanleg porto for brevet kjem i tillegg.

Dette betaler du i tillegg til portoPris
Pris per sending551,–
Ekstra når verdien er høgare enn 10 000,– kroner8,– per 1000,–
Forseglingsteip18,–