Rekommanderte brev

Dokumentert innlevering og sikker utlevering

Du får kvittering på at du har levert brevet på Posten, og personen som du sender til, må vise legitimasjon når vedkommande hentar brevet. Du kan spore brevet i heile Noreg.

Pris for å sende rekommanderte brev

Storleiken bestemmer prisen på brevet.

  • SMÅ: tjukkleik inntil 2 cm – konvoluttmål inntil B5 (17,6 x 25 cm)
  • STORE: tjukkleik inntil 2 cm – konvoluttmål inntil B4 (25 x 35,3 cm)
  • MAKSI: meir enn 2 cm tjukk eller konvoluttmål større enn B4 (25 x 35,3 cm)

Brevet kan vege maksimalt 2 kilo.

Sending til Små Store Maksi
Noreg 200,– 245,– 335,–
Utland* 225,– 290,– 490,–

* Tollinformasjon må registrerast digitalt. Bruk vår sjølvhjelpsløysing på posten.no. For sendingar du ikkje registrerar digitalt må du betale kr 38,– for at vi gjer registreringa for deg. Om digital registrering manglar når du levere i raud postkasse eller anna sjølvbeteningspunkt, vert sendar fakturert kr 38 + ekspedisjonskostnad på kr 61 + kr 11 per brev i etterkant. 

Minste og største mål

Minstemålet er 9 x 14 cm.

Største lengd er 60 cm. Lengd + breidd + tjukkleik kan ikkje vere over 90 cm.

Leveringstid

Når du sender rekommanderte brev, er leveringstida i Noreg normalt tre arbeidsdagar med elektronisk varsling til mottakaren.

Det tar to dagar ekstra dersom vi ikkje kan varsle mottakaren elektronisk. Om du gir opp mobilnummer eller e-postadresse til mottakaren når du leverer sendinga, kan vi varsle elektronisk.

I Europa reknar vi tre til fem arbeidsdagar til grensa til landet, og til resten av verda tar det inntil elleve arbeidsdagar til grensa.

Leveringstida i landet kjem i tillegg. Dersom sendinga krev tollhandsaming, vil det gå ekstra tid.

Kva du kan sende

Du kan ikkje sende pengar eller omsettelege verdipapir. Til utlandet kan du ikkje sende pengar, gull, sølv, platina, edelsteinar eller andre verdisaker. Ut over dette gjeld mottakarlandet sine eigne restriksjonar for innhald. Les meir her om kva du kan sende til dei ulike landa.

Kan eg få andre til å hente ei rekommandert sending?

Ja, på éin av desse måtane:
1. Du kvitterer på meldesetelen og lar personen som skal hente sendinga, få med seg legitimasjonen din som dokumenterer at det er di underskrift. Også den som skal hente sendinga, skal skrive under på meldesetelen og legitimere seg.

2. Dersom nokon regelvisst hentar rekommanderte sendingar for deg, bør du skrive ut eit varig eller tidsavgrensa fullmaktskort. Her kan du lese meir om godkjende legitimasjonar og fullmaktskort.