Bruk vår online løysing
Sende pakke til utlandet

Spar tid og pengar ved å kjøpa adressekortet på nett. Bruk vår rettleier og fyll samtidig inn all informasjon om innhald/toll som no blir send digitalt mellom landa.
Dame med Mac og en skriver på benken og en utskrift av adresselapp med tollinformasjon i hånden.

Les på bokmål

På grunn av restriksjonar i disse tider: liste over land du ikkje kan sende pakke til no.

Bruk vår rettleier til å fylla ut adressekort og tolldokument som må følgja sendinga. Dette er billegare enn om Posten registrerer det for deg. Sjå i prislista nedanfor om du kjøper adressekortet på Posten.

For kjøp av pakke til utlandet gjeld følgjande avgrensingar:

  • Pakkar kan ikkje ha lengde over 120 cm, breidde over 60 cm og/eller høgde over 60 cm. Sjekk om landet har lågare tillate mål.
  • Pakkar må ha ytre emballasje.
  • Pakken kan vege maksimalt 20 kilo.
  • Pakken kan ikkje ha rulleform.

Vi kan sende pakkar til heile verda, men om du vil spore pakken, er det avgrensa til dei fleste landa i Europa og Nord-Amerika.

Når du sender med Posten må du i følgjande tilfelle legga ved ein tollfaktura (proformafaktura):

  • til føretak i Sverige og Danmark
  • innhaldet har verdi frå og med 5000 kroner, utan restriksjonar
  • innhaldet krev ein mellombels utførsel, til dømes varer til reparasjon
  • innhald som blir returnert, til dømes reklamasjonar eller mellombels innførsel
  • til Svalbard kjøper du Norgespakke™, og legg ved tollfaktura (proformafaktura)

Du får ei plastlomme til tollfaktura (proformafaktura) på Posten.

Unngå at pakken blir returnert frå mottakarlandet på grunn av mangelfull dokumentasjon.

Forbode innhald og restriksjonar

Pakken må ikkje innehalda våpen, ammunisjon, levande dyr, leivningar, tobakkssvarar, farleg gods eller verdifullt innhald som gull, sølv, edelsteinar, mynter, setlar eller verdipapir. Innhaldet må heller ikkje overstiga ein verdi på 100 000 kroner per pakke.

Søk her for meir informasjon om kva reglar som gjeld for kva land