Lurt å vite om toll

Tollklarering når du sender til utlandet

Hovudregelen er at du må tollhandsame alle sendingar som inneheld meir enn eit vanleg brev. Tolldokumentasjon må følgje med sendinga.

Generelt sett må du tollhandsame alle sendingar som inneheld meir enn eit vanleg brev. Tollstyresmaktene krev at tolldokumentasjonen viser innhald og verdi, og dokumentasjonen skal følgje sendinga. Bruk sjølvhjelpsløysinga vår til å fylle ut elektronisk adressekort med tollinformasjon og betale porto. På Posten kan du hente adressekort til sendingar til utlandet og manuelt skrive inn tollinformasjonen. Prisen er lågare i sjølvhjelpsløysinga.

Tolletaten krev at du tollhandsamar/-deklarerer innhaldet i tilfella nedanfor:

  • Innhald med verdi frå og med 5000 kroner, utan restriksjonar.
  • Innhald som krev mellombels utføring, til dømes varer til reparasjon.
  • Innhald som blir returnert, til dømes reklamasjonar og mellombels innføring.

Hugs at mangelfull dokumentasjon kan forseinke eller stoppe sendinga!

Pakkar

Spar tid og pengar ved å fylle ut tolldokumentasjon og betale porto for pakken elektronisk.

Når du skal sende pakke til utlandet, er eksporttollklarering inkludert i den prisen du betaler for å sende. Du må tollhandsame alle pakkar som blir sende ut av Noreg. Sjå eigne reglar for Svalbard.

Tollstyresmaktene i både Noreg og mottakarlanda har krav om at det skal følgje med tolldokumentasjon med sendinga. Dersom det manglar opplysningar, eller om dokumenta er mangelfullt utfylte, kan sendinga di bli forseinka. Som avsendar er du ansvarleg for å leggje ved rett informasjon om innhaldet i sendinga.

Brev

Spar tid og pengar ved å fylle ut tolldokumentasjon og betale porto for brevet elektronisk.

Du må tollhandsame alle brev som har ein verdi, og som blir sende ut av Noreg. Tollstyresmaktene i både Noreg og mottakarlanda har krav om at det skal følgje med tolldokumentasjon med sendinga. Dersom det manglar opplysningar, eller om dokumenta er mangelfullt utfylte, kan sendinga di bli forseinka. Sjå eigne reglar for Svalbard.

Som avsendar er du ansvarleg for å leggje ved rett informasjon om innhaldet i sendinga.
For brevsendingar med innhald som krev tollklarering, er eksporttollklarering inkludert i prisen.

Ditt ansvar

Som avsendar er du ansvarleg for å leggje ved rett informasjon om sendinga. Det er derfor viktig at du undersøkjer kva som er lov å innføre i landet du sender til, slik at du kan vere trygg på at sendinga kjem fram.

Spørsmål og svar

  • Alle pakkar til utlandet må gjennom tollhandsaming, som er ei vurdering av om du skal betale toll for sendinga.

    Dersom sendinga manglar dokumentasjon som viser innhaldet i og verdien på sendinga, må vi stanse ho og be avsendaren skaffe nødvendige dokument eller opplysningar om innhaldet i sendinga. For å unngå stans og forseinkingar er det viktig at du alltid passar på å fylle ut tollfaktura som skal følgje med sendinga. Pakken går i retur til avsendaren etter 14 dagar.

  • Tollreglane seier at alle varer har ein verdi, og derfor er det krav om at alle sendingar som skal ut av Noreg, har dokumentasjon som viser innhaldet i og verdien på sendinga. Om du krev erstatningsvare, eller om vara skal reparerast i utlandet, vil du kunne unngå å betale nye importavgifter (meirverdiavgift) når du får sendinga inn på nytt.

  • Ifølgje tollstyresmaktene har alle varer ein verdi, og derfor skal verdi vere oppgitt.

  • Tollstyresmaktene sine reglar for kva ein skal tollklarere og korleis, gjeld for alle sendingar. Posten følgjer dei reglane som tollstyresmaktene har fastsett.

  • Tolletaten krev at ein registrerer fødselsnummer i samband med tollklarering ved import og eksport. Det er for å identifisere privatpersonar som handlar med utlandet.

  • Tollinformasjonen må vere detaljert utfylt for å unngå stans i tollklareringsprosessen. Ulike reglar i dei ulike mottakarlanda gjer at det generelt sett er krav om detaljerte opplysningar om innhaldet. For sendingar til utlandet tilrår vi å bruke sjølvhjelpsløysinga vår.

  • Dei ulike mottakarlanda har ulikt regelverk for kva slags importavgifter som krevst. Kontakt mottakarlandet sin ambassade for å få svar på kva for avgifter som gjeld.

  • For sendingar til utlandet er tollklareringsprisen inkludert i fraktpris/porto.